Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Jakobsen Fortun

Jens Jakobsen Fortun (1715-1776) frå Lærdal. Bonde. han eigde garden Fortun eit par kilometer aust for Lærdalsøyri. Her bygde han i alt nærmare 1000 meter vatningsveiter for å skaffe sin eigen gard og nabogardane skikkeleg vatning. For dette arbeidet vart han i 1775 påskjøna med premie og medalje frå Det nyttige Selskab i Bergen og med ”Den store medalje” i sølv frå Kongelige Landhusholdningsselskab i København.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2009