Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Olsson Tønjum

Jens Olsson Tønjum starta landhandel på Tønjum kring 1870. Etter ei tid bygde ”Bruse-Jens”, som han vart kalla, eit stort hus der han heldt til med handelen. Det er uvisst kor lenge han dreiv landhandelen.

Det vert fortalt at Bruse-Jens forelska seg i ei prestedotter på Tønjum, og for å imponere henne kjøpte han seg kvite hanskar og køyrde vogn med to kvite hestar spent føre. Prestedottera let seg likevel ikkje imponere til å verte trulova med Jens.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011