Hopp til innhold
X
Innhald

Jernbaneplanar i Lærdal

Lærdalsøyri på 1880-talet. På denne tida var Lærdal framleis aktuell som eit knutepunkt for jernbana mellom Oslo og Bergen. Foto: A.B. Wilse. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Lærdalsøyri på 1880-talet. På denne tida var Lærdal framleis aktuell som eit knutepunkt for jernbana mellom Oslo og Bergen. Foto: A.B. Wilse. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Dei første planane om ei jernbane aust-vest mellom Oslo og Bergen vart lanserte i 1870. I kappestriden om linevalet for den planlagde jernbanen mellom Oslo og Bergen, mobiliserte sogningane. I 1890 kravde eit folkemøte med 300 sogningar at «stambanen» måtte gå om Lærdal, og derifrå anten mot Valdres eller over Hemsedalsfjellet. Men i 1894 vedtok Stortinget høgfjellslina over Finse. I dag fylgjer stamvegen Bergen-Oslo temmeleg nøyaktig same line som sogningane i 1890 ville bygge Bergensbanen!

Les også om Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane og Bergensbanen (Oslo-Bergen)

Frå hesteskyss til damp

Då dampbåt og damplokomotiv kom i bruk i Noreg frå midten av 1800-talet, endra det reisemønsteret aust-vest. Postrutene med dampbåt frå Bergen til Lærdalsøyri som starta i 1839, tok også passasjerar. Dette vart starten på ei ny tid som heldt fram med den smalspora Vossabana frå Bergen til Voss som vart opna i 1883. No kunne reisande på vestsida av fjella velje mellom å reise med dampbåt heilt frå Bergen til Lærdalsøyri, eller med Vossabana til Voss og med hesteskyss og dampbåt eller robåt via Gudvangen til Lærdal. Den siste ruta var ei svært populære turistrute. På austsida av fjella skjedde det også viktige framsteg i samferdsla. Jernbana vart bygd ut i rekordfart oppover dalane – ikkje minst for å betre transporten av jord- og skogbruksprodukt til dei veksande byane, men også for å kunne frakte tungt gods til og frå nye fabrikkar og kraftstasjonar i innlandet.

Dampbåten som frakta jernbanepassasjerar mellom Gulsvik og sørenden av Krøderen.  Postkort.

Dampbåten som frakta jernbanepassasjerar mellom Gulsvik og sørenden av Krøderen. Postkort.

Krøderbanen

I 1872 vart Krøderbanen frå Drammen til innsjøen Krøderen opna. Over Krøderen kunne reisande på veg til Bergen fylgje dampbåten opp til Gulsvik i nordenden av innsjøen. Frå Gulsvik kunne dei den første tida ta hesteskyss opp Hallingdal og Hemsedal og over Hemsedalsfjellet til Lærdal. I 1908 vart det endå raskare å reise Oslo-Bergen då jernbana heilt frå Bergen til Gulsvik vart opna. Det siste strekket mellom Gulsvik og Hønefoss var ikkje ferdig før i 1909 som var opningsåret for heile Bergensbana. Det var såleis ikkje arbeidet på høgfjellet som vart sist fullført på denne viktige trafikkåra. Valdresbana vart aldri noko alternativ for dei som skulle reise aust-vest, for den vart ikkje opna fram til Fagernes før i 1909 (nedlagd i 1989 for persontransport og i 1999 for tømmertransport). Men i Sogn måtte ein finne seg i å falle utanfor jernbaneeventyret – heilt fram til Flåmsbana frå Myrdal stasjon på Bergensbana og ned til fjorden i Flåm vart opna i 1940.

Flåmsbana. Foto: Steinar Lote, NRK.

Flåmsbana. Foto: Steinar Lote, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2011