Hopp til innhold
X
Innhald

Jernbaneplanar og Hemsedalsveg

Lærdalsøyri på 1880-talet. På denne tida var Lærdal framleis aktuell som eit knutepunkt for jernbana mellom Oslo og Bergen. Foto: A.B. Wilse. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Lærdalsøyri på 1880-talet. På denne tida var Lærdal framleis aktuell som eit knutepunkt for jernbana mellom Oslo og Bergen. Foto: A.B. Wilse. Eigar: Norsk Folkemuséum.

I kappestriden om linevalet for den planlagde jernbanen mellom Oslo og Bergen, mobiliserte sogningane. I 1890 kravde eit folkemøte med 300 sogningar at «stambanen» måtte gå om Lærdal - anten mot Valdres eller over Hemsedalsfjellet. Men i 1894 vann høgfjellslina over Finse.

Idag fylgjer stamvegen Bergen-Oslo temmeleg nøyaktig same line som sogningane i 1890 ville bygge Bergensbanen!

Les også om Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane og Bergensbanen (Oslo-Bergen)

Krøderbanen blei brukt

Då dampbåt og -lokomotiv kom i bruk i Noreg frå midten av 1800-talet, endra det reisemønsteret aust-vest: På reiser mellom dei to byane kunne ein no nytte Krøderbanen frå Drammen til innsjøen Krøderen og dampbåt opp til Gulsvik i nordenden. Derfrå med hesteskyss opp Hallingdal-Hemsedal og over Hemsedalsfjellet til Lærdal.

Dampbåten som frakta jernbanepassasjerar mellom Gulsvik og sørenden av Krøderen.  Postkort.

Dampbåten som frakta jernbanepassasjerar mellom Gulsvik og sørenden av Krøderen. Postkort.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2011