Hopp til innhold
X
Innhald

Johan A. Skjelfjord

Johan A. Skjelfjord.

Johan A. Skjelfjord.

Johan A. Skjelfjord (1886-1931) busett på Lærdalsøyri. Telegrafstyrar, politikar og avismann.

Han var telegrafstyrar i Lærdal frå 1914 til 1927, og var i 1919 med på å starte avisa «Sogns Social-demokrat». Dette var den første sosialistiske avisa i Sogn og Fjordane. I 1921 vart avisa flytta til Vadheim og endra namn til «Sogn og Fjordane Socialdemokrat» (sjå Aviser og media i Høyanger).

Skjelfjord var første formann då lokale arbeidarlag i Lærdal, Borgund, Årdal og Solvorn i 1918 slo seg saman til Indre Sogn Arbeidarparti. I 1925 var Skjelfjord toppkandidat på den første lista som NKP stilte ved eit Stortingval i Sogn og Fjordane. Lista fekk berre 741 røyster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2009