Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Karlson Gjesdal

Johan Karlson Gjesdal med familien sin.

Johan Karlson Gjesdal med familien sin.

Johan Karlson Gjesdal (1858-1941) frå Lærdalsøyri. Forstbetjent og politikar. Utdanna ved skogskulen på Kongsberg og tilsett som skogvaktar på Frønningen-godset i nær på 60 år.

Han var medlem av kommunestyre og formannskap i Leikanger kommune i fleire periodar og vart tildelt Norges Vels medalje og Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009