Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Lindstrøm

Johan Lindstrøm si teikning av eit lite hus i Geili på Lærdalsøyri.

Johan Lindstrøm si teikning av eit lite hus i Geili på Lærdalsøyri.

Johan Lindstrøm (1893-1958) frå Bergen. Arkitekt. Johan Lindstrøm hadde slektsrøtene sine i den gamle hotell- og handelsfamilien på Lærdalsøyri. Han vart eit framståande medlem i den såkalla ”Bergensskulen” av arkitektar på 1930-talet. Desse arkitektane nytta ofte den lokale trebygningskulturen som inspirasjonskjelde.

Johan Lindstrøm var den første som tok opp arbeidet med å få verna det gamle trebygningsmiljøet på Lærdalsøyri. I 1927 gav han ut ”Tunbrot og nybygnad på Vestlandet”. Med denne boka ville han …”vekkje og auke sansen for ein betre byggjemåte i bygdene våre”. Han teikna m.a. ombygginga av ”Gamlebanken” på Lærdalsøyri og ungdomshusa på Lærdalsøyri og på Hermansverk – alle i klassisistisk stil.

Sonen Claus Lindstrøm førte faren sitt arbeid vidare, og han gav i 2004 ut boka ”Mellom aust og vest. Eldre bygninger i Lærdal, Alvheim og Eide” som er eit stort dokumentasjonsverk med registrering og oppmåling av gamle bygningar m.a. i Lærdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.12.2009