Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Ludolf Lund

Johan Ludolf Lund (1808-ca. 1890) frå Bergen, busett på Lærdalsøyri. Snikkarmeister. Han skreiv seg også berre med ”Jan” som førenamn. Han tok med seg lærdomen om dei gamle trehusa i Bergen då han på 1930-talet første gong reiste til Sogn for å byggje våningshuset på storgarden Nedre Amla i Kaupanger. Lund bygde også eit stort hus for den rike handelsmannen på Røneid i Luster.

Men det er særleg på Lærdalsøyri at Lund har sett dei mest synlege spora etter seg. Der bygde han i 1840 den kjende Hansegarden for kjøpmann Jan Henrik Nitter Hansen, og ”Telegrafen” midt i sentrum. – ”Telegrafen” som i dag er verna og brukt som muséum kunstgalleri, var opphaveleg bygd som privat villa for den rike handelsmannen Carl Martin Pettersen. Lund reiste tilbake til Bergen i 1858.

– Les meir om Hansegarden og Telegrafen i eigne artiklar under: Gamle bygningar i Lærdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2009