Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Ludwig Møinichen

Johan Ludwig Møinichen (1838-1915) frå Trondheim, busett i Lærdal. Fylkeslege. Møinichen var distriktslege i Lærdal frå kring 1876 til 1904. Han var den første som tok opp tanken om å få bygd sjukehus i Lærdal.

Møinichen var den første som vart tilsett formelt som amtslege – fylkeslege - i Sogn og Fjordane. Han fungerte i stillinga frå 1891 til 1904, og var i heile perioden plassert på Lærdalsøyri. Det var først på 1960-talet at fylkeslegen fekk kontorstad på Leikanger. Før den tid var fylkeslegeembetet kombinert med arbeid som distriktslege i ein av sognekommunane. Såleis har distriktslegar både i Gulen og i Sogndal vore fylkeslegar i deltidsstillingar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.12.2009