Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Møller

Dokterbustaden som Johan Joakim Møller bygde.

Dokterbustaden som Johan Joakim Møller bygde.

Johan Joakim Møller kom til Lærdalsøyri kring 1829 og starta som handelsmann. Han kjøpte seg eigedom på Einemo litt aust for tettstaden og bygde stort herskapshus der. Men truleg har det gått dårleg med handelen, for i 1837 vart huset på Einemo leigd ut til den første distriktslegen i Lærdal, M. Istad frå Oslo. Sidan har huiset vore kalla Dokterbustaden.

I 1849 vart huset selt på auksjon til landhandlar Jan Henrik Nitter Hansen og prokurator Jonas Lund på Kjørnes ved Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011