Hopp til innhold
X
Innhald

John Collett Falsen

John Collett Falsen (1817-1879) Dr. jur., amtmann i Sogn og Fjordane 1861-1869, og statsråd. Falsen budde eitt år på Lærdalsøyri, før han fekk kjøpt garden Nybø på Systrond, Leikanger, og flytta dit i 1862. Sidan har fylkesmannsembetet vore lokalisert der.

Falsen vart cand. jur. i 1841 og arbeidde m.a. som sorenskrivarfullmektig og sakførar i Trondheim og Drammen til 1861. I Drammen var han ordførar 1853-1959 og 1861, varamann til Stortinget 1857 og fast representant frå Drammen 1859-1860. Medlem av jurykommisjonen 1860. Amtmann i Sogn og Fjordane frå 1861 til 1869.

Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus) 1865-1866 og 1869-1869. Han slutta i stillinga som amtmann då han vart utnemnd til justisminister i 1869 - eit verv han sat i til han døydde i 1879.

Falsen var Kommandør av St. Olavs Orden, fekk Storkorset av den svenske Nordstjerneordenen og Storkorset av den danske Dannebrogs-orden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.09.2011