Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Knutson Hæg

Hæg var også postopnar i Borgund, og han bygde kring 1880 Hegg Hotell.

Jon Knutson Hæg (1835-1924) fødd på Nystuen, busett på garden Hegg i Borgund. Bonde, hotelleigar og Venstre-politikar. Jon gifta seg med jordajenta på garden Hegg og vart bonde og skysstasjonshaldar på Hegg i 1865.

Hæg var også postopnar i Borgund, og han bygde kring 1880 Hegg Hotell.

Hæg var medlem av kommunestyret i Borgund i lang tid, og ordførar i 26 år. Han var såkalla ”oppmann” (ordførar) i fylkestinget i til saman åtte år. Han var vararepresentant til Stortinget 1883-1888 og 1892-1894.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009