Hopp til innhold
X
Innhald

Jonas Hansson Leyrdahl

Jonas Hansson Leyrdahl (1684–1743) frå Lærdal. Prest og jordeigar. Tok presteeksamen i 1711 og frå same året kapellan hjå faren Hans Leyrdahl i Lærdal. Han tok over som prest i Lærdal då faren døydde i 1716 og hadde embetet til han døydde i 1743.

Han arva dei store jordegodsa etter faren og bygde eigedomane vidare ut. Ei sonedotter av Jonas gifta seg inn i Nansen-familien og var oldemor til den kjende polfararen Fridtjof Nansen.

– Sjå elles Høyanger kommune: Sorenskrivar Ancher Anthoni Nansen (1729-1765) frå Danmark, busett i Kyrkjebø prestegjeld.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.12.2009