Jonas Henrikson Røyrnes

Jonas Henrikson Røyrnes (1696–1727) frå Røyrnes. Soldat. Røyrnes målte 2,12 meter på stømpelesten og vart tidleg på 1700-talet verva som soldat i ”Der Riesengarde” – ”Kjempegarden” – til kong Fredrik Wilhelm av Prøyssen.
Kongen verva høgvaksne soldatar til denne spesielle skrytegarden frå heile Europa. Dei største vart det måla portrett av som vart hengde opp på slottet i Potsdam. Eitt av desse er av Jonas Røyrnes, måla i 1715.
Då Jonas døydde av tuberkulose i 1727, vart skjelettet hans preparert og sett på utstilling. Det finst no på anatomisk institutt i Berlin.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 06.05.2011