Jordbruksskulen på Rikheim

Lærdal landbruksskule på Rikheim ein gong mellom 1896 og 1900. Dei brukte oksar som trekkdyr. Ukjend fotograf. Eigar: Olav Henjum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
I 1896 leigde Sogn og Fjordane fylke storgarden Rikheim i Lærdal til jordbruksskule.
Det første kurset starta i 1898. Tidlegare fylkesagronom J. Aashamar var styrar. Dette var den andre landbruksskulen i Sogn etter at det ei tid frå 1848 og utover vart drive jordbruksskule på garden Vestrheim (sjå Skular i Sogndal) på Kaupangerskogen.
Landbruksskulen på Rikheim var i drift til 1907. Mo Jordbruksskule i Førde starta i 1858, jord- og hagebruksskulen i Aurland 1917 (sjå Skular i Aurland) og Mindresunde jordbruksskule i Stryn i 1920.

Driftsbygningen på Rikheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 12.05.2011