Hopp til innhold
X
Innhald

Kapteinsgarden på Ljøsne

Kapteinsgarden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kapteinsgarden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kapteinsgarden ligg på ei høg sandreine like ved E16 på Ljøsne, og har spela ei sentral rolle i historia om laksefisket i Lærdalselvi.

Lærdalskompaniet vart skipa i 1801, og garden på Lysne vart offisersgard då kompanisjefen Amund Wiegh flytta dit i 1825. Han budde der i fem år. Det som no er hovudhuset vart bygd i 1825. Garden var offisersgard fram til 1865, då den vart seld til Jon Knudson Bø (1823-1901) som hadde pakta garden i nokre år. Han flytta dei fleste husa frå det gamle tunet, men let stovebygningen stå. Denne leigde han ut til engelske sportsfiskarar, og i 1876 vart huset seld til den engelske sportsfiskaren John C. Musters.

Kapteinsgarden i 1870. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB.

Kapteinsgarden i 1870. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB.

Han hadde leigd store fiskerettar i Lærdalselvi, og jamvel kjøpt gardar for å få tak i fiskeretten. Han utvida og bygde om huset på Kapteinsgarden, og rundt huset bygde han ein stor veranda i typisk britisk «colonial style».

Verandaen på Kapteinsgarden med ”colonial style”. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Verandaen på Kapteinsgarden med ”colonial style”. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lakselorden prylte tenarane

I 1891 kjøpte Viscount, lord Edward William C. Berkeley Portman eigedomen og alle dei eksklusive fiskerettane. Han leigde ut garden og fisket når han sjølv ikkje fiska. Portmann var ein autoritær eigar som kunne pryle tenarane på Lysne med lærpisk dersom dei ikkje lydde raskt nok. Etter Portman finst ei stor samling fiskeutstyr i eit museum på garden.

Captain Albert Whitaker, nr. to i bakre rekkje, saman med familie,  vener og tilsette på Kapteinsgarden i 1906. Klepparane står lengst til høgre i midtrekkja. Engelskmennene kalla dei Red Ole, Mid Ole og Long Ole (Ola Erikson Granden) Kokka, som vart kalla Old Kari, sit midt i fremste rekkja. Foto: William J. Wade. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Norske shippingfolk tek over

I 1922 selde Portmann Kapteinsgarden med alt innbu til skipsreiar Jørgen B. Stang (1874-1950) frå Oslo. Han hadde fiska i Lærdal sidan 1903 og budd på garden Øye. I 1950 overtok dottera til Stang, Heddy Astrup (1904-1978) og mannen Nils Astrup (1901-1972). Idag er Kapteinsgarden eigd av skipsmeklar Hans Rasmus Astrup (fødd 1939), som m. a. er kjend som grunnleggjar av Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst i Oslo i 1993.

Heilt sidan Kapteinsgarden kom på norske hender i 1922, har det m. a. vorte samla ei mengd gamle tømmerhus frå Lærdal på tunet. Kong Harald som har fiska i Lærdalselva sidan 1953, har budd mykje på Kapteinsgarden under opphalda.

På Kapteinsgarden har dei teke vare på denne skyssvogna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Kapteinsgarden har dei teke vare på denne skyssvogna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 13.05.2011