Hopp til innhold
X
Innhald

Kirkevoll Hotel

Kirkevolds Hotel vart bygt av Ola Håkonson Kirkevoll like ved Borgund stavkyrkje kring 1916. Men lenge før dette hadde reisande vorte tekne imot for bevertning og husrom i gardshusa på Kyrkjevoll. Det same hadde i lang tid også vore tilfelle på garden Berge litt lengre aust i bygda.

Hotellet fekk seinare namnet Borgunds Hotell, og vart kjøpt av Kristen Håkonsson Eri (1851-1919), som hadde gjort pengar på gullgraving i Alaska. Ein tilsvarande "kapitalbase" frå vellukka gullgraving hadde ein mann i Stryn, Lars Kolbeinsson Bødal, då han bygde Mindresunde Hotell (sjå dette – Stryn kommune).

Etter nokre eigarskifte vart Borgunds Hotell tidleg på 1950-talet selt til polakken Herbert Klatt. Like etter brann hotellet ned, og det vart ikkje bygt opp att.

Nærleiken til stavkyrkja gjorde at hotelleigarane på Kyrkjevoll i lang tid hadde arbeidet som omvisarar i Borgund stavkyrkje.


Sist oppdatert: 06.05.2011