Hopp til innhold
X
Innhald

Kirkevoll Hotell

Kirkevoll Hotell, vart bygd av Ola Håkonson Kirkevoll (1844-1923) like ved Borgund stavkyrkje i ca. 1916.

Hotellet fekk seinare namnet Borgunds Hotell, og vart kjøpt av Kristen Eri, som hadde gjort pengar på gullgraving i Amerika (sjå tilsvarande for Mindresunde Hotell).

Etter nokre eigarskifte vart hotellet tidleg på 1950-talet seld til polakken Herbert Klatt. Like etter brann hotellet ned, og vart ikkje bygd opp att.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008