Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Andersson Maristuen

Hotellet hans vart tidleg kjent som eit høgfjellshotell med høg standard.

Knut Andersson Maristuen (1850-1923) frå Maristova. Skysstasjonshaldar og hotelleigar. Det var Knut Andersson Maristuen som utvikla den gamle skysstasjonen med gjestgiveri til eit moderne høgfjellshotell. Han overtok eigedomen i 1873, og i 1884 stod det nye hotellet ferdig. Sjå artikkelen Maristova frå salustofa til høgfjellshotell.

Hotellet hans vart tidleg kjent som eit høgfjellshotell med høg standard.

Han overlet hotelldrifta til sonen Anders Knutson Maristuen i 1916. Knut og etterkomarane hans på Maristova var elles aktivt med i tamreindrifta som gjekk føre seg på Filefjell på 1800- og 1900-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011