Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Knutson Helland

Knut Knutson Helland (1865 - ca. 1938) frå Lærdalsøyri. Sersjant og handelsmann som vart første leiar i Lærdal og Borgund Indremisjon. Han var ein svært streng pietist som rulla ned gardinene for at ikkje ungane skulle sjå på når det vart dansa på Øyramarki.

I 1907 selde han forretninga til Lærdal Opne Samvirkelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.12.2009