Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Olsson Helland

Knut Olsson Helland starta handel på Lærdalsøyri, truleg ein gong på 1850-talet. Handelen dreiv han i eit hus ved Løytnantsbryggja. Kring 1860 bygde han bustadhus litt austanfor tettstaden, på Forthun.

Helland var kjend som ein fanatisk bedehusmann som drog gardinene for vindauga slik at ungane i huset ikkje sjå at folk dansa under Lærdalsmarknaden.

Sonen Knut Knutson Helland tok over handelen etter faren og dreiv fram til kring 1908 då han selde butikken til Lærdal Opne Handelslag. Dette laget var forløparen til Lærdal Samvirkelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2009