Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Raa

Knut Raa starta på 1970-talet maskinentreprenørfirma og transportforretning saman med sonen Ivar Raa på garden Rå ved Rikheim. Dei har også drive grønsak- og potetpakkeri i samarbeid med BAMA, og har agentur for øl- og mineralvatnprodusenten Ringnes.

I 1976 bygde dei verkstad, lager og kjølerom, og anlegget vart utvida i 1978 og 1984.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009