Hopp til innhold
X
Innhald

Koksvognene

Turistane er trygt framme ved Kvammes Hotell på Lærdalsøyri. Postkort, eigar Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Turistane er trygt framme ved Kvammes Hotell på Lærdalsøyri. Postkort, eigar Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Sjølv om reisande hadde prøvd seg med større vogner opp dalen tidlegare, var det først ved omlegginga av vegen i Seltåsen i 1875 at det var mogeleg å gje turistar og andre reisande komfortabel skyss over Filefjell.

Dei to internasjonale reisebyråa Bennet og Cooks tok det meste av trafikken. Dei kunne by turistane luksuriøse kalesjevogner med mjuke skinnsete. Vognene til Cooks vart på folkemunne kalla «koksvogner». I tillegg starta Staten frå 1876 ei dagleg diligencerute Lærdal-Valdres-Odnes om sommaren. Både reisebyråa og Staten hadde eigne kuskar, medan skysstasjonane heldt hestar. På stasjonane bytte ferdafylgjet til utkvilde hestar.

Etter kvart skaffa skysskarane sjølve fine vogner og konkurrerte ut dei store reisebyråa. Det engelske selskapet Cooks heldt det gåande i Lærdal til 1904, då dei selde vognene sine på auksjon. Men mellom dei lokale skysskarane vart det beinhard konkurranse: På dampskipskaia i Lærdal nærmast kasta dei seg over turistane for å få skyssoppdrag, og fleire reiste heilt til Gudvangen for å «kapre» turistar på veg mot Lærdal.

Men frå 1910 gjekk det raskt nedover med hesteskyssen. Automobilen tok over, og etter at den første skepsisen og motstanden hadde lagt seg, parkerte mange vognmenn kalesjevogna og kjøpte bil. Ein av dei var Tomas Sølfestsen på Lærdalsøyri. Han hadde drive som vognmann heile livet. I ein alder av 60 år tok han sertifikat og kjøpte bil i 1917. Ein epoke var slutt både for Tomas og bygda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2011