Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Lærdal

Lærdal Rådhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Rådhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal starta som ein ”storkommune” for Lærdal, Årdal og Borgund, vart deretter delt i tre, for så å verte samla i 1965 ved at Borgund og Lærdal kommunar vart slegne saman att.

Då og det kommunale sjølvstyret vart innført med formannskapslovene i 1837, femnde Lærdal kommune om heile Lærdal med Borgund og noverande Årdal kommune. I 1860 vart Årdal skild frå som eigen kommune, og frå 1864 til 1964 var Borgund eigen kommune.

Dette var kommunehuset i Borgund fram til samanslåinga med Lærdal i 1964. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette var kommunehuset i Borgund fram til samanslåinga med Lærdal i 1964. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kommuneregulering i 1964

Ved kommunereguleringa i 1964 vart gardane Bermål og Luggenes ved Årdalsfjorden overførde frå Årdal til Lærdal kommune.

Grensestrid med valdrisane

Heilt frå 1933 låg Borgund kommune i strid med Vang kommune i Valdres om grenseskiljet ved fylkesgrensa på Filefjell. Stiftsstøtta på Filefjell vart flytta fleire gonger, men først på 1960-talet vart det semje om kvar fylkesgrensa – og dermed kommunegrensa – skulle gå. Borgund kommune hadde kommuneadministrasjonen på Steinklepp i eit kombinert bank- og kommunehus.

Kommuneskilt på Fodnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kommuneskilt på Fodnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frønningen frå Leikanger til Lærdal

I 1992 vart Frønningen skild frå Leikanger kommune og lagt til Lærdal. I dag grensar Lærdal kommune mot Årdal på høgfjellet frå Bermålsnosi til Krekanosi, mot Vang kommune på Filefjell, mot Hemsedal kommune på Hemsedalsfjellet, mot Ål og Hol kommune i Nordfjella og mot Aurland kommune frå Nordfjella til Aurlandsfjorden sør for Frønningen.

Fram til 1974 var kommuneadministrasjonen til Lærdal i Gamlebanken (bygningen til høgre). Til venstre ser vi Sanden Pensjonat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fram til 1974 var kommuneadministrasjonen til Lærdal i Gamlebanken (bygningen til høgre). Til venstre ser vi Sanden Pensjonat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rådhuset på Lærdalsøyri vart bygd i 1974. Før det heldt kommuneadministrasjonen m.a. til i den gamle bankbygningen på Lærdalsøyri. Lærdal gjennomførte nynorsk som skriftmål i administrasjonen i 1925, og Borgund kommune i 1933.

I 1842 vurderte Stortinget om Lærdalsøyri skulle få status som kjøpstad, eller by. (Sjå: Plan om by på Lærdalsøyri.)

Venskapsby i Palestina

Lærdal kommune har byen Jeriko i dei palestinske sjølvstyreområda som venskapskommune. Jeriko ligg ved Daudehavet og er den mest lågtliggjande byen i verda fordi den ligg 250 meter under havnivået i verdshava.

Besøk frå venskapsbyen Jeriko i Lærdal i 2007.

Besøk frå venskapsbyen Jeriko i Lærdal i 2007.

Politisk leiing:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2011