Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevegen over Filefjell

Skilt ved Thomaskyrkja som syner kvar Kongevegen gjekk over Filefjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skilt ved Thomaskyrkja som syner kvar Kongevegen gjekk over Filefjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det norske Postverket, med faste postruter, vart organisert i 1647. Dette sette fart i planane om å byggje betre veg over Filefjell, der hovudpostruta mellom Oslo og Bergen gjekk. – Les meir om postruta og postføringa i eigen artikkel.

I 1665 fekk det dansk-norske styret eigne embetsmenn som skulle organisere og leie vegbygginga. Kongen tilsette to «generalvegmeistrar» - ein for Aust-og Sørlandet, og ein for Trøndelag og Vestlandet.

I 1768 vart Nicolai Frederik Krogh generalvegmeister for Vestlandet og Trondheim. Han arbeidde mykje for å få opprusta hovudsambandet over Filefjell -Lærdal.

Kongevegen vert bygd

I 1790 vart det vedteke at det skulle byggjast ny veg som også kunne brukast som sledeveg vinterstid. Vegen fekk nemninga "Kongeveg ", slik tilsvarande hovudvegar i landet fekk på den tida.

Stiftsstøtta på Filefjell

I 1795 vart det reist ei stor støtte, ikkje langt frå Maristova.

Motstand mot militærteneste og avretting

I 1802 kom eit straffekompani til Lærdal for å tukte dei opprørske lærdølene.

Prosjektet Kongevegen over Filefjell

I 2013 starta eit arbeid med å oppruste tre strekningar av den gamle Kongevegen. I tillegg blir det teke sikte på å gje dei som går vegen opplevingar langs ruta. Det vart løyvd 15 millionar kroner til prosjektet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.01.2013