Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyninga i Lærdal

Kraftstasjonen til Borgund Kraftverk. Krafta herifrå går i hovudsak austover. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kraftstasjonen til Borgund Kraftverk. Krafta herifrå går i hovudsak austover. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stort vassdrag - sein kraftforsyning

Sjølv om Lærdalsvassdraget er eitt av dei vassrikaste i Sogn og Fjordane, var det ikkje attraktivt for dei første fossespekulantane som kjøpte vassdrag i fylket frå slutten av 1890-talet og fram til kring 1910.

Konsul Larsen og stålverksplanen

I 1915 kjøpte konsul Harald Larsen opp mange fallrettar både i Lærdalselvi og i Erdalselvi, og i 1918 skipa han selskapet Sogn Elektrostålverk.

L/L Lærdal Kraftverk

vart skipa i 1934. Sjå artikkelen Stort vassdrag - sein kraftforsyning.

Administrasjonsbygget til Lærdal Energi på Grandane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Administrasjonsbygget til Lærdal Energi på Grandane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Energi

- sjå artikkelen Stort vassdrag - sein kraftforsyning.

Borgund Kraftverk

Medan Oslo Lysverker – seinare Viken Energi og no E-Co Vannkraft - har bygd ut kraftressursane i nabokommunen Aurland, så var det kapitalsterke industriselskap i Østfold som i 1966 fekk hand om fallrettane og gjorde den største utbygginga av Lærdalsvassdraget.

I vårløysinga er det god vassføring i Erdalselvi, men kraftutbygging vart det ikkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I vårløysinga er det god vassføring i Erdalselvi, men kraftutbygging vart det ikkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erdalsvassdraget

I 1995 la Statkraft fram planar om regulering av det verna Erdalsvassdraget. Dette er vassdraget i dalføret langs den kjende turistvegen frå Erdal ved Lærdalsfjorden og over fjellet til Aurland. Statkraft fekk ikkje løyve til utbygging.

Tissedalsvatnet (1400 m.o.h.) er ein del av Erdalsvassdraget. Vatnet ligg rett over Lærdalstunnelen. © Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Tissedalsvatnet (1400 m.o.h.) er ein del av Erdalsvassdraget. Vatnet ligg rett over Lærdalstunnelen. © Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Strendene fekk straum etter krigen

Bygdene Fodnes og Strendene ved innlaupet til Årdalsfjorden var mellom dei siste som fekk innlagt straum i indre Sogn. Kraftlinene til desse bygdene vart bygde utover frå Årdal i 1949.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.05.2011