Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Lærdal

Frå Kongevegjubiléet i 1993. Rekonstruksjon av hendingane
tidleg på 1800-talet.
Foto: Atle Løkken, NRK.

Frå Kongevegjubiléet i 1993. Rekonstruksjon av hendingane
tidleg på 1800-talet.
Foto: Atle Løkken, NRK.

Vetestova frå Vetanosi

Fjellet Vetanosi (1132 meter) nord for innløpet til Lærdalsfjorden er eitt av dei mest kjende vetepunkta i Sogn.

Soldat-kjempa frå Lærdal

Jonas Henriksen frå Røyrnes var 2,12 meter høg og vart difor soldat i garden til preussarkongen Fredrik Wilhelm på 1700-talet.

Opprøret mot militærteneste

I 1802 gjorde lærdølene oppstand mot kongens pålegg om at dei skulle gjere militærteneste. Heilt frå 1500-talet hadde lærdølene vore fri militærtenesta fordi dei hadde så mykje pliktarbeid på Kongevegen. Ein straffeekspedisjon arresterte leiarane for oppstanden, og Anders Olson Lysne vart avretta. (Les meir under: Filefjell - hovedvegen aust-vest).

Leirdalske lette infanterikompani
med kaptein Jürgensen i spissen
(4de kompani Sogn linjebataljon)
stormar fram mot svenskane i 1808.
(Utgjeve i 1901 på Kristiania Lit.
Aktiebolag)

Leirdalske lette infanterikompani
med kaptein Jürgensen i spissen
(4de kompani Sogn linjebataljon)
stormar fram mot svenskane i 1808.
(Utgjeve i 1901 på Kristiania Lit.
Aktiebolag)

Leirdalske lette infanterikompani

Leirdalske Skiløbercompagnie vart skipa 1801, og endra i 1802 namn til Leirdalske lette Infanterikompani. Første kommandant var kaptein Thomas Fasting med premierløytnant Claus von Munthe av Morgenstierne Pederson Rumohr som nestkommanderande.

Døydde i britisk krigsfangenskap

På Lærdalsøyri budde det i gamal tid mange som var knytte til sjøen, antan som jekteskipperar eller som offiserar og mannskap på rutebåtane som trafikkerte til bygda. Heilt attende til 1600-talet kan ein finne sjøfolk som er registrerte som busette på Lærdalsøyri. Ein av desse var strandsitjaren Nils Nilsson ”Schøsingdalen” (1777-1808). I Napoleons-krigane var han matros på eit dansk-norsk skip med namnet ”Bremnes” som vart teke i arrest av britiske krigsskip. Mannskapet vart sett i krigsfangenskap, og der døydde Nils Nilsson.

Drepen i indianarkrigane i USA

I 1856 emigrerte sersjant Ola Tomasson Lysne (1797-1875) og ektemaken Anna og ein barneflokk på 12 til Amerika. Ola deltok i den amerikanske borgarkrigen 1861-1865. I eit indianaropprør i 1862 i Goodhue County i Minnesota kom den 19 år gamle sonen deira, Jan, i eldlina og vart drepen. Systera Anna på 13 vart såra. Ei anna syster, den 14 år gamle Metta, kom bort under desse kampane, og det vert fortalt at ho vart funnen att i live hjå nokre nybyggjarar eitt år etter den dramatiske hendinga.

Andre verdskrigen:

Tyske vakter utanfor inngangen til Lindstrøm Hotel. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tyske vakter utanfor inngangen til Lindstrøm Hotel. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Lærdal under invasjonen i april 1940

Under den tyske invasjonen i april 1940 vart Lærdalsøyri bomba med brannbomber av tyskarane.

Milorg på Frønningen

Etter ei dramatisk røming i 1945 fekk løytnant Ragnar Ulstein reorganisert gruppa og la hovudkvarteret til skogane på Frønningen, der dei hadde radiokontakt med England.

Båtar frå Strendene frakta våpen

Skøytene "Lister" og "Svana" vart brukte i våpentransport.

Tyskarbrakker på Lærdalsøyri. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tyskarbrakker på Lærdalsøyri. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Fangeleiren

NS-medlemer i Sogn og Fjordane og andre som var mistenkte for å ha samarbeidd med nazistane, vart etter freden 1945 arresterte og sette i varetekt på Lærdalsøyri. Kvammes Hotel vart brukt som «arrestlokale», seinare nytta ein tyskarbrakker. Arresten vart avvikla etter kort tid, og fangane sende til ein ny fangeleir på Sogndal Folkehøgskule.

Norsk vaktstyrke i Lærdal etter den tyske kapitulasjonen. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Norsk vaktstyrke i Lærdal etter den tyske kapitulasjonen. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Falne og omkomne frå og i Lærdal

Folk frå Lærdal i tysk fangenskap

Restar av tysk kanonstilling på Hedler med godt utsyn over Grandane og Lærdalsfjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Restar av tysk kanonstilling på Hedler med godt utsyn over Grandane og Lærdalsfjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

NATO

Sidan vegsambandet gjennom Lærdal har stor militærstrategisk betydning, har NATO bygd ein stor kai med kran i Habben ved Lærdalsøyri. På 1960-talet var det aktuelt å bygge ei militær oljeleidning til Austlandet gjennom Lærdal. Røyrgata skulle fleire stader liggje ein meter over bakken, og planen vekte sterke protestar frå grunneigarar. Lina vart stukken, men røyrgata vart ikkje bygd.

Britiske NATO-soldatar har nytta Filefjellsområdet til vintertrening, og har då vore innkvarterte på Maristuen og Nystuen.

Nystuen har vore brukt til innkvartering av britiske soldatar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nystuen har vore brukt til innkvartering av britiske soldatar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 19.05.2011