Hopp til innhold
X
Innhald

Krisetid - fylket trekkjer seg

Lærdalselvi fekk såleis liggje i fred for kraftutbyggjarane heilt til 1. verdskrig, då kommune og fylke gjekk saman og skipa Lærdalselvens Kraftselskap.

Dette selskapet sikra seg fallrettane i Svartgjelfossen like nedanfor Borgund stavkyrkje, og planen var å bygge eit kraftverk som skulle forsyne Borgund, Lærdal og Aurland kommunar med elektrisk straum. Men aurlendingane nekta å vere med. Dei ville i staden skaffe kraft frå eigne vassdrag.

Sogn og Fjordane fylke trekte seg ut i 1925, og økonomiske krisetider på 1920-talet gjorde at det skulle gå lenge før Lærdalsbygdene fekk kraftforsyning frå Lærdalselvi.

Lærdalselvens Kraftselskap hadde skaffa seg mykje gjeld som tyngde dei to eigarkommunane Lærdal og Borgund. I 1930 freista dei å vri seg ut av knipa ved å tilby fylket fallrettane, mot at fylket tok over gjelda. Men fylket sa nei, og kommunane måtte ta kostnaden åleine.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.11.2008