Hopp til innhold
X
Innhald

Kristoffer Ingebrigtson Lærdalsøyri

Kristoffer Ingebrigtson Lærdalsøyri starta landhandel på Lærdalsøyri ca. frå 1870. Han bygde eit stort hus der butikken nytta første etasje. Systera Johanna overtok huset då broren flytta til Bergen og dreiv kafé der ei tid. Johanna var ei dugande veverske som fekk diplom for kunstvevnad på Bergensutstillingen i 1898.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2009