Hopp til innhold
X
Innhald

Kristoffer Jakobsen

Først var han postroar på ruta til Gudvangen, før han vart postførar og vognmann på rutene austover.

Kristoffer Jakobsen (1845-1935) frå Lærdalsøyri. Postførar og vognmann. Kristoffer var ein av fleire på Lærdalsøyri som på 1800-talet levde eit strevsamt liv som postførarar og vognmenn.

Først var han postroar på ruta til Gudvangen, før han vart postførar og vognmann på rutene austover.

Jakobsen køyrde postruta over Hemsedalsfjellet i 40 år. Køyrevegen over Hemsedalsfjellet vart opna i 1907.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.12.2009