Hopp til innhold
X
Innhald

Kunstnarane og Lærdal

Den vakre og ville naturen i Lærdal og på Filefjell er skildra av kunstnarar gjennom 300 år. Det er særleg reisa på den bratte hovudvegen Filefjell-Lærdal som har fenga dei første kunstnarane:

Midt på 1700-talet skildra biskop Erik Pontoppidan (1698-1764) både i skrift og i teikningar den farefulle ferda over skrøpelege bruer. Thomas Fearnley (1802-1842) viser i akvarellar frå tidleg 1830-tal at vegen mellom Vindhella og Galdane har vorte køyreveg, medan Johannes Flintoe (1786-1870) i 1845 skildrar ei svært dramatisk ferd med hestetrille ned Laukebergbakken i Galdane.

I 1822 festa Johannes Flintoe dette inntrykket frå Øvre Lysne til teiknepapiret sitt.

I 1822 festa Johannes Flintoe dette inntrykket frå Øvre Lysne til teiknepapiret sitt.

I 1822 festa Johannes Flintoe dette inntrykket frå Øvre Lysne til teiknepapiret sitt.

I 1822 festa Johannes Flintoe dette inntrykket frå Øvre Lysne til teiknepapiret sitt.

Den største norske målaren frå romantikken, I.C. Dahl (1788-1857), har måla eit av hovudverka sine frå Filefjell: «Stugunøset på Fillefjell», som skildrar reinflokken på fjellet Stugunøset, som kneisar over Nystuen. Han har også måla motivet «Formann reiser over Fillefjell» saman med sonen Siegwald Dahl (1827-1902) (sjå biletet her: Henrik Formann. Formann var eigar m.a. av Stedje gard i Sogndal). I.C. Dahl skildrar også gamle Lærdalsøyri og seglas på Lærdalsfjorden.

Kring 1900 måla Gerhard Munthe (1849-1929) motiv med bruer og ferdslevegar i Lærdal og gjorde mange skisser frå gardstun og folkeliv. Henrik Sørensen (1882-1962) var gjest hos skipsreiar Jørgen Stang på Kapteinsgarden på Ljøsne i mellomkrigstida. Han måla m. a. fleire måleri av den den no verna husmannsplassen i Galdane.

Også Thorvald Erichsen (1868-1939) høyrde til venekrinsen kring Stang, og måla motiv frå Galdane. Den verdskjende franske målaren Olivier Debré (1920-1999) har gjennom venskapet med ein seinare eigar av Kapteinsgarden, skipsmeklar og kunstsamlar Hans Rasmus

Astrup, budd mykje i Lærdal (sjå video øvst på sida). Han har måla mange abstrakte bilete med utgangspunkt i naturinntrykka. Fleire av desse bileta vart stilte ut i Lærdal i 1999.

Hans Gjesme frå Lærdal måla ei mengd landskapsbilete frå Lærdal gjennom eit langt kunstnarliv. Han donerte ei stor samling til Lærdal kommune, som opna Gjesme-galleriet i den gamle telegrafbygninga på Lærdalsøyri i 1998. I 2011vart samlinga av Gjesme-kunstverk flytta til det nybygde Sogn Kunstsenter, Gjesmesamlinga, på Lærdalsøyri.

Sognenaturen har også vore den sterkaste inspirasjonskjelda til ein av dei fremste abstrakte målarane i Noreg på 1900-talet, Knut Rumohr frå Frønningen. Ein stor del av livet har han budd på Frønningen, der han bygde hus og atelier.

Jens Hauge frå Lærdal er ein av landets fremste fotografar. Også han nyttar mykje natur og kulturlandskap i heimbygda i sin fotokunst.

Jens Hauge med nokre av bileta sine på utstilling.

Jens Hauge med nokre av bileta sine på utstilling.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.05.2011