Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Lærdal

Strendene Misjonslag er eitt av fleire misjonsforeningar  i Lærdal kommune. Biletet er teke på 1930-talet.

Strendene Misjonslag er eitt av fleire misjonsforeningar i Lærdal kommune. Biletet er teke på 1930-talet.

Tidleg ute med misjonsforening

Lærdalsørens Missionsforening vart skipa i 1848, og kan såleis vere den første misjonsforeninga som vart skipa i Sogn og Fjordane. Lekmannsrørsla på Vestlandet grodde i fotefara etter forkynnaren Hans Nielsen Hauge, og ein finn såleis dei eldste misjonslaga i bygdene der ein veit at Hauge hadde halde møte. I indre Sogn var Hauge på ferde i Luster, Sogndal og Lærdal. Det er sannsynleg at det var det lokale prestefolket på den tida som stilte seg i spissen for skipinga av det første misjonslaget i Lærdal Sidan har det kome til eit indremisjonslag i bygda, men dei siste åra har medlemstalet i begge foreningar gått så mykje ned at ein har funne det tenleg å ha felles møte.

Thrane-rørsla og Lærdal

Den første norske arbeidarrørsla fekk sterkt fotfeste i Lærdal.

Hauge Arbeiderforening

– sjå Thrane-rørsla og Lærdal.

Lærdal skyttarlag

vart skipa 1872. Laget fekk først skytebane i Erdal, men då Forsvaret bygde eit såkalla demoleringsanlegg i Øyradalen, fekk skyttarlag i Lærdal nytte skytebana som vart bygd der.

Bedehuset på Lærdalsøyri. Foto: Magnhild Aspevik.

Bedehuset på Lærdalsøyri. Foto: Magnhild Aspevik.

Lærdal og Borgund Indremisjonsforening

vart skipa i 1878. Laget hadde eige bedehus frå starten. I 1906 vart det bygt nytt bedehus på Lærdalsøyri. Dette bedehuset vart nedlagt i 2009 og selt til private. På Rikheim vart det bygt bedehus i 1912.

Ungdomshuset på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ungdomshuset på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Ungdomslag

vart skipa i 1884. Dei første åra var namnet Lærdal Ynglingeforening. Medlemene var aktive i den kvasse målstriden kring 1900. M.a. var forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson i Lærdal i 1899 og agiterte mot nynorsken. - Les meir om målstriden i artikkelen Noregs bitraste målstrid. Ungdomslaget kjøpte i 1902 det tidlegare Turnhuset som Lærdal Turnforening hadde bygd på 1890-talet. I 1923 bygde laget nytt ungdomshus, teikna av arkitekt Johan Lindstrøm.

Tønjum Skyttarlag

vart skipa i 1885. – Sjå elles Lærdal skyttarlag om skytebane.

Ungdomshuset på Tønjum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ungdomshuset på Tønjum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tønjum Ungdomslag

vart skipa i 1896. Ungdomshuset vart bygt i 1937.

Hegg Skyttarlag

vart skipa i 1898. Den noverande 100-metersbana vart teken bruk på slutten av 1970-talet og avløyste då ei tidlegare skytebane.

Ungdomshuset Ljosheim på Ljøsne. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ungdomshuset Ljosheim på Ljøsne. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rikheim og Ljøsne Ungdomslag

vart skipa i 1900. Ungdomshuset Ljosheim vart bygd kring 1910 og påbygd kring 1930.

Borgund Skilag

vart skipa i 1920 av reingjetarar som var heimehøyrande i Femund-traktene og av ungdom i Borgund. Laget var i drift til kring 1940.

Strendene Ungdomslag

vart skipa i 1921, og var ungdomslaget for grendene som ligg frå Fodnes og innover langs Årdalfjorden til og med Bermål. Desse grendene høyrer til Lærdal kommune og hadde eigen skulekrins. På Strendene var det også skyttarlag i 95 år, og misjonslaget hadde dei saman med Vindedal.

Medlemer i Strendene Skyttarlag i 1945. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Medlemer i Strendene Skyttarlag i 1945. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Hegg Ungdomslag

vart skipa i 1921 og bygde ungdomshus på Hegg i 1929. I 2007 endra laget namn til Borgund Ungdomslag.

Borgund Ungdomslag

– sjå Hegg Ungdomslag.

Ungdomshuset Fjelly i Borgund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ungdomshuset Fjelly i Borgund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erdal Ungdomslag

vart skipa i 1924.

Ungdomshuset i Erdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ungdomshuset i Erdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Musikklag

vart skipa i 1925.

Lærdal Fotballklubb

vart skipa i 1937 og omskipa til Lærdals Idrettslag i 1946. Før 1937 var det eit arbeidarungdomslag som organiserte idretten i bygda.

På Lærdalsøyri er det bygt eit moderne idrettsanlegg med kunstgrasbane, naturgrasbane og idrettshall. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Lærdalsøyri er det bygt eit moderne idrettsanlegg med kunstgrasbane, naturgrasbane og idrettshall. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Idrettslag

– sjå Lærdal Fotballklubb.

Senter for skeiseindretten

I Lærdal finn vi det største og eldste miljøet for skeiseløp i Sogn og Fjordane.

Den gamle eksersisplassen (i bakgrunnen) var første idrettsbana på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den gamle eksersisplassen (i bakgrunnen) var første idrettsbana på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Strendene helselag

vart skipa i 1945. Før den tid hadde desse bygdene langs Årdalsfjorden vore tilslutta helselaget i Lærdal.

Lærdal Røde Kors

vart skipa i 1949. Hjelpekorpset kom i gang omlag samstundes, og laget driv også besøksteneste. Røde Kors-huset på Lærdalsøyri vart bygt i 1995.

Frå ei songarstemne i Lærdal i 1961. Songarar frå fleire blandakor er samla til eit fellesnummer. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå ei songarstemne i Lærdal i 1961. Songarar frå fleire blandakor er samla til eit fellesnummer. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lærdal Songlag

vart skipa i 1952.

Lærdalsøyri Skulemusikk

vart skipa i 1957. I dei siste åra har skulemisikken på Lærdalsøyri samarbeidd med skulemusikken på Ljøsne. Også i Borgund var det tidlegare eigen skulemusikk. Tidlegare medlemar av skulemusikken der er no medlemar i Borgund Messinggruppe.

Borgund Messinggruppe

– sjå Lærdalsøyri Skulemusikk

Ljøsne Skulemusikk

vart skipa i 1972. Etter ein passiv periode vart laget starta på nytt kring år 2000.

Lærdal og Borgund pensjonistlag

vart skipa i 1974.

Lærdal Sykkelklubb arrangerer m.a. sykkelrittet Oslo-Lærdal. Her frå starten i Oslo i 2000. Foto: Erik Aarethun.

Lærdal Sykkelklubb arrangerer m.a. sykkelrittet Oslo-Lærdal. Her frå starten i Oslo i 2000. Foto: Erik Aarethun.

Lærdal Sykkelklubb

vart skipa i 1984.

Norsk Sykkelfestival

Norsk Sykkelfestival

- sjå Lærdal Sykkelklubb.

Lærdal Turlag

vart skipa i 1990 og fekk eiga barnegruppe i 2000.

Mjølkeflaten på Hedler, der turlaget har merka stiar og sett opp benkar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mjølkeflaten på Hedler, der turlaget har merka stiar og sett opp benkar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Golfklubb

vart starta i 2000. Klubben har bygd golfbane på Rikheim.

Øystein Wangen trenar på utslag på golfbana på Rikheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øystein Wangen trenar på utslag på golfbana på Rikheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Storehaugen Opp

motbakkeløp vart skipa til for første gong i 2009. Arrangørar er Tor Anders Offerdal, Bjørghild Holien, Jan Christian Jerving og Anna Tråve. Løpet er mellom dei brattaste i landet, med ei gjennomsnittleg stigning på 28%. Løpet startar 15 m.o.h. og målet er på toppen av Storehaugen, 908 m.o.h.

Deltakarar i Storehaugen Opp etter målgang i 2011. Foto: Ingvild Jerving.

Deltakarar i Storehaugen Opp etter målgang i 2011. Foto: Ingvild Jerving.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.12.2011