Hopp til innhold
X
Innhald

Laksen og Lærdalselvi

Lærdalselvi på Ljøsne. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Lærdalselvi på Ljøsne. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Per Hjermann med ein laks som vog 20,1 kilo, teken den 31. mai 1954.

Per Hjermann med ein laks som vog 20,1 kilo, teken den 31. mai 1954.

Frå gamalt av har laksen vore ein viktig matressurs og inntektskjelde i Lærdal. Alt i 1681 kom det reglar som sette forbod mot fiske før jonsok den 24. juni. Dei eldgamle fiskemetodane var laksekjær - fangstfeller - bygde av tømmerstokkar i elva. Seinare kom kastenota i bruk i dei store hølane.

Det vert fortalt at laksefisket i Lærdalselvi var så verdfullt at det var denne fiskeretten stamfaren til Hjermann-slekta først og fremst ville eige i Lærdal då han flytta frå Bergen. Jord og skog var mindre verd - sjølv om Hjermann-eigedomen på Stødno var ein av dei største gardane i Sogn og Fjordane! Laksen vart anten speka eller røykt og omsett m.a. til Bergen og Oslo.

Engelskmennene kjem til Lærdalselvi

Dei første engelske sportsfiskarane oppdaga Lærdalselvi på 1830-talet: I 1836 skriv engelskmenn som har overnatta på Husum Hotell om «good salmon fishing».

Regulering og kultivering i Lærdalselvi

Ei sentral oppgåve for Lærdals Elveeigarlag då det vart skipa i 1864 var å forbygge elvebardane med stein.

Norsk Villakssenter og Lærdalselvi. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Villakssenter og Lærdalselvi. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Villakssenter

Norsk Villakssenter på Lærdalsøyri vart opna av kong Harald i juni 1996.

Gyrodactylus-katastrofen

I 1996 vart det oppdaga at «dronninga mellom lakseelvar»; Lærdalselvi, var infisert av lakseparasitten gyrodactylus salaris.

Laksefreding i Lærdal

Lærdalselvi er mellom dei 52 nasjonale laksevassdraga i landet.

Laksefiske ved Seltåsen mellom 1910 og 1920. Foto: Mittet & Co. Eigar: Arvid Aarethun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Laksefiske ved Seltåsen mellom 1910 og 1920. Foto: Mittet & Co. Eigar: Arvid Aarethun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2011