Hopp til innhold
X
Innhald

Landbrukshistoria i Lærdal

Det regnar lite i Lærdal, og difor må bøndene spe på med kunstig vatning. Her er det morelltre på Øye som får ekstra vatn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det regnar lite i Lærdal, og difor må bøndene spe på med kunstig vatning. Her er det morelltre på Øye som får ekstra vatn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjølv om Lærdal ligg ved fjorden, har dalen innlandsklima med lite nedbør og solrike somrar. Fruktbygda har gjort lukke med eksport av bær til utlandet. Jamvel druer trivst i dei varme bakkane, og gjennom tida har det vorte dyrka både aprikos og tobakk her.

Bergensmeieriet satsa ein gong stort på konservesfabrikk i Lærdal, og store deler av bygda dreiv kontraktsdyrking til fabrikken. Lærdal kan vere den første staden i landet der det vart dyrka poteter, og på storgarden Rikheim vart det ei tid drive landsbruksskule.

Første norske poteta i Lærdal?

Den første potetåkeren i Lærdal skal vere sådd på Blåflat.

Tre av bygningane i Indre Sogn-tunet på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuséum kjem frå Lærdal kommune. Det er bygningen lengst til venstre, som er ein fjøs frå Kyrkjevoll i Borgund, framfor den ligg eit lite hus som blir brukt som grisehus på muséet, men som var verkstaden til ein felemakar i Lærdal. Bygningen til høgre for den er ein stall frå Lærdalsøyri. I framgrunnen tidlegare varaordførar i Lærdal, Anna Jorunn Avdem, som arbeider ved muséet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Over 50 åkerlappar på eitt bruk

På småbruk og husmannsplasar som klora seg fast i stupbratte fjordsider måtte ein ta i bruk kvar einaste torv til matberging. Slik var det på husmannsplassen Skori som låg under garden Åretun på Strendene. I siste halvpart av 1800-talet budde plassfolket Ola Person og Sigrid Andersdotter Loven i Skori. Dei hadde 14 born. Ola og Sigrid var flittige brukarar og greidde å fø tre kyr, åtte sauer og 13 geiter i Skori. Dei rydda stein og bar jord, og hadde med tida laga seg 52 åkerlappar oppetter lia. Her dyrka dei poteter, gulrot og kål og mangt anna.

Husmenn på nåde

Husmannsvesenet i dei indre sognebygdene var meir enn i andre distrikt i Sogn og Fjordane prega av pliktarbeid og harde leigevilkår for jorda.

Hesten har for lengst utspelt si rolle i landbruket i Lærdal. Denne går på stas i ein hage på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hesten har for lengst utspelt si rolle i landbruket i Lærdal. Denne går på stas i ein hage på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Feavl og hesteutstillingar

Den første offentlege utstillinga for dølahest og blandingsrasar vart halden på Lærdalsøyri i 1855.

Vatningsveiter og gjødseltranport

Indre Sogn er mellom dei mest nedbørsfattige landskap i landet. I Lærdal vart det bygd fleire mil med vatningsveiter langs fjellfoten.

Meieria i Lærdal

Lærdal var ei av dei første bygdene i Sogn og Fjordane som bygde større meieri. I 1890 vart det bygd meieri både i nedre og øvre del av bygda.

Slaktehusa i Lærdal

I 1935 bygde Vestlandske Salslag eit av sine første slaktehus på garden Voll.

Rev i bur på Molde i Lærdal. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Rev i bur på Molde i Lærdal. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Pelsdyrnæringa i Lærdal

I 1935 hadde Lærdal over 5000 pelsdyr, og inntektene av pelsdyravlen svara til 17 prosent av inntekta på gardane i kommunen.

Fruktavl og Lærdalseplet

«Lærdalseplet» er rekna som ein lokal eplesort i Lærdal, og den vert også kalla Rikheimseple etter storgarden Rikheim, som var svært tidleg ute med fruktdyrking.

Samvirketiltak for frukt og grønsaker

I 1955 slo bøndene seg saman og bygde sitt eige frukt- og potetlager på Lærdalsøyri: Lærdal Frukt og potetlager P/L.

Reinsimle med kalv. Foto: Einar Fortun.

Reinsimle med kalv. Foto: Einar Fortun.

Kontraktdyrkinga

Konservesfabrikken Drægni på Hermansverk gjorde i 1969 avtale med ein del bønder på Ljøsne og Tønjum om kontraktdyrking av grønsaker.

Veiding og stølsdrift i Lærdalsfjella

I høgfjellet kring Lærdal finst det ei mengd merke etter gamle veidemetodar, som bogestelle og dyregraver.

Snøskred og ledda gjerdestolpar

For å sleppe at snøskredet øydelegg gjerdet kvar vinter, har folket på Voldo montert gjerdestaur som er ledda ned.

Tamreindrifta i Lærdal og Borgund

Tamreindrifta kring Lærdal og Borgund hadde stort omfang på 1800-talet og fram på 1950-talet.

Hauge-bønder eig skogteigar ved Amla

Det er ikkje vanleg at folk eig skogteigar så langt unna som bøndene på Hauge-gardane i Lærdal gjer.

Tobakksdyrking

Frå garden Hauge i Lærdal finst det frå 1915 dokument som syner at bruket hadde eige tobakkshus for tørking av plantane, og at tobakksdyrkinga gav ei betydeleg inntekt.

Lite nedbør har gjort at bøndene i Lærdal har vore nøydde til å hjelpe til med vatning. Tidlegare leia vatningsveiter vatn ut på markene, men i dag har alle bøndene moderne vatningsanlegg. Dette biletet er frå Ljøsne. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 04.07.2012