Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Lærdal

Her heldt Lærdal Samvirkelag til frå 1934 til det vart bygt ny forretning ca. 1970. Foto: Magnhild Aspevik.

Her heldt Lærdal Samvirkelag til frå 1934 til det vart bygt ny forretning ca. 1970. Foto: Magnhild Aspevik.

Johan Møller

kom til Lærdalsøyri kring 1829 og starta som handelsmann.

Oddebui, som *Carl Martin Pettersen eigde, og der Odd Henriksen ass. landhandel heldt til i 40 år. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oddebui, som *Carl Martin Pettersen eigde, og der Odd Henriksen ass. landhandel heldt til i 40 år. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mathias Jordan

starta landhandel på Lærdalsøyri kring 1830.

Carl Martin Pettersen

(1813-1898) frå Bergen starta landhandel på Lærdalsøyri kring 1844.

Odd Henriksen ass. landhandel

- sjå Carl Martin Pettersen.

Øyrastova

- sjå Carl Martin Pettersen.

Lindstrømbui

Landhandelen Lindstrømbui heldt til ved den gamle busshaldeplassen frå starten i 1849 og til den flytta inn i nybygget i 1968.

Kiwi Lærdal

- sjå Lindstrømbui.

Knut Olsson Helland

starta handel på Lærdalsøyri, truleg ein gong på 1850-talet.

Håkon Olsson Kvamme

starta landhandel på Berge i Borgund i 1866, og var dermed den første som starta landhandel i Borgund.

Jens Olsson Tønjum dreiv i tillegg til landhandel mellom anna overnattingsstad. Her annonserer han for sitt ”Landsted Tingvolden, som ligger i den smukkeste Egn av Lærdal”.

Jens Olsson Tønjum dreiv i tillegg til landhandel mellom anna overnattingsstad. Her annonserer han for sitt ”Landsted Tingvolden, som ligger i den smukkeste Egn av Lærdal”.

Kristoffer Ingebrigtson Lærdalsøyri

starta landhandel på Lærdalsøyri ca. frå 1870.

Jens Olsson Tønjum

starta landhandel på Tønjum kring 1870.

Jens Knutson Låi

starta landhandel på Eraker kring 1876. Han dreiv handelen i ei lita bu på Attigarden.

Handelen i Stødnabui

Per Thomasson Stønjum starta landhandel i Gamlegata på Lærdalsøyri i 1881, og etter han har dette huset sidan vorte kalla Stødnabui.

Ola Olsson Neshagen

(1839-1921) starta landhandel på garden Nevlo i Borgund på slutten av 1800-talet. Han kjøpte denne garden i 1875, så handelsverksemda må ha vore etter den tid. Han overlet etter ei tid garden til eldste sonen og emigrerte med resten av familien til Amerika.

Ola Olsson Vold

starta ca. 1893 med landhandel på Tønjum. Vold dreiv også som vognmann, og frå 1918 hadde han postopneriet i grenda. Dert er uvisst kor lenge Vold dreiv handelen, men truleg var det til kring 1930.

Lasse N. Sande

starta landhandel på garden Sande på Ljøsne på 1890-talet. Sonen Jens Sande flytta seinare butikken over til Bø og Kjodnes.

Mons Ivarson Ulviksbakken

starta ca. 1895 landhandel på ”Kremmarhaugen” på Hegg i Borgund.

Grøttebui

på Hegg i Borgund - sjå Mons Ivarson Ulviksbakken.

Petrine Ingebrigtsdotter Kristoffersen

starta butikk i Øyragata på Lærdalsøyri i 1898 og dreiv butikk i eit hus som vert kalla ”Monsebui”.

Nedrehegg Kolonial

– sjå sjå Petrine Ingebrigtsdotter Kristoffersen.

Ellen Antikk

- sjå Petrine Ingebrigtsdotter Kristoffersen.

Lærdal Opne Handelslag

vart skipa i 1908, då laget kjøpte landhandelen «Hellandsbui» i Øyregata av Knut Knutson Helland.

Ole O. Lysne

starta landhandel på Blåflat i 1908. Saman med Ola Dokken og Ola Brugrand dreiv han også féhandel. Det kombinerte forretnings- og bustadbygget utvida han i 1937, og butikken vart driven til 1974 av Ragnar O. Lysne og ektemaken Sigrid.

Ola B. Lysne

starta landhandel på Ljøsne i 1908. Han dreiv handelen sjølv til 1922 då butikken vart overteken av det nyskipa Ljøsne Samvirkelag. Ola vart styrar på handelslaget, og sonen Bård O. Lysne tok over denne stillinga etter faren. På garden til Ola B. Lysne vart det også drive eit lite meieri i åra frå 1890 til 1913.

Borgund Samvirkelag

på Steinklepp vart skipa i 1921.

Borgund Nærbutikk

- sjå Borgund Samvirkelag.

Coop Marked på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Marked på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Samvirkelag

vart skipa på Lærdalsøyri i 1921, og var eit framhald av Lærdal Opne Handelslag som vart skipa kring 1908 då dette laget kjøpte landhandelen "Hellandsbui" i Øyregata av Knut Knutson Helland.

Coop Marked Lærdal

- sjå Lærdal Samvirkelag.

Ljøsne Samvirkelag

vart skipa 1922 som eit framhald av Ole B. Lysne si forretning (sjå denne lenger oppe på sida) og dreiv fram til 1939 som filial under Lærdal Samvirkelag. Laget bygde eige forretningsbygg i 1936.

Ljøsnabui

- sjå Ljøsne Samvirkelag.

I dette huset dreiv Karl H. Tønjum landhandel. Foto: Jens Hauge. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

I dette huset dreiv Karl H. Tønjum landhandel. Foto: Jens Hauge. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Karl H. Tønjum

starta landhandel på Tønjum i 1929. Butikken vart lagd ned i 1971.

Hans og Elsa Tønjum

starta på slutten av 1930-talet landhandel på Tønjum. Landhandelen var i drift til 1972.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011