Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal Apotek

Apotekar Oden Udbye (til høgre) med familien på trappa utanfor apoteket i 1904. På denne tida heldt apoteket til i ”Telegrafen” (frå 1879 til 1940). Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Apotekar Oden Udbye (til høgre) med familien på trappa utanfor apoteket i 1904. På denne tida heldt apoteket til i ”Telegrafen” (frå 1879 til 1940). Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Lærdal Apotek vart skipa i 1843 som det første apoteket på landsbygda i Noreg. Lærdal Apotek var første apoteket i Sogn og Fjordane.

Anders Agersborg var første styrar fram til 1853, då han flytta til Hamar. Han var utdanna apotekar, men dreiv også landhandel. Apoteket hadde eigen urtehage bak huset.

I 1853 overtok Hans Ernst Hansen som apotekar. Han var utdanna i København og dreiv apoteket først i bygningen ”Kofoeden” på Lærdalsøyri før han flytta over til eit hus i Øyramarki 1. Huset var bygt av kjøpmann Mathias Jordan og hadde tidlegare vore embetsbustad for amtmann Michael Aubert. Apotekar Hansen var også postopnar og leverte ut både medisinar og post gjennom ei luke i inngangsdøra.

- Les elles artikkelen: Stødnahuset - apotek og amtmannsbustad.

Den kjende Helge Thomassen Offerdahl frå Ofredal var ei tid lærling ved apoteket i Lærdal før han vart apotekar i Larvik. Seinare utvikla han margarinproduksjon av herda kvalfeitt, og han var med på å starte den store margarinfabrikken DeNoFa i Fredrikstad i 1912. I 1940 vart det bygt eige hus for apoteket med apotekarbustad i Øyramarki 8. Seinare vart dette huset nytta til daglegvarehandel m.a. av Sverre Horge under firmanamn Horge’ns Minimarked.

Dette huset vart bygt for Lærdal Apotek i 1940. Huset brann ned til grunnen under storbrannen i Lærdal i januar 2014. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette huset vart bygt for Lærdal Apotek i 1940. Huset brann ned til grunnen under storbrannen i Lærdal i januar 2014. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2014