Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal Entreprenør AS

Lærdalshallen er mellom bygningane Lærdal Entreprenør AS har reist. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdalshallen er mellom bygningane Lærdal Entreprenør AS har reist. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Entreprenør AS vart skipa i 1997 av Trond Øyen Einemo og Terje Lokreim. Bygningsfirmaet hadde m.a. oppdrag i Hemsedal, men gjekk konkurs i 2004. Øyen Einemo og Lokreim starta så Lærdal Entreprenør AS i 2004. Firmaet har konsentrert verksemda i indre Sogn og har m.a. bygd den nye skulen og idrettshallen på Lærdalsøyri.

I 2008 har entreprenørselskapet 25 tilsette og ventar ei omsetning på 47 millionar kroner.

I 2010 vart Lærdal Entreprenør AS slege konkurs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2010