Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal Ferie og Fritidspark A/S

Nokre av hyttene til Lærdal Ferie og Fritidspark. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nokre av hyttene til Lærdal Ferie og Fritidspark. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Ferie og Fritidspark A/S på Lærdalsøyri vart opna i 1991 med Margunn Thue som ein av skiparane og dagleg leiar. Anlegget vart bygd i regi av Lærdal kommune og grunnen er fylt opp av tunnelmasse frå Stuvane kraftverk.

I 1993 tok Erling, Even og Erik Aarethun over og omgjorde selskapet til Lærdal Ferie og Fritidspark ANS: I 2001 har anlegget 10 utleigehytter, kiosk og kafeteriabygg med plass til seks overnattingsgjester i tillegg til fire leiligheter, og på uteanlegget er det plass til 120 campingbilar. Anlegget har og eit motell med 29 dobbeltrom.

Unik motorikkpark

I 2014 tok Lærdal Ferie og Fritidspark AS i bruk Motorikkparken i Lærdal, ein park med klatretårn, balanselabyrint, multisportbane m.m. Dette er den første i sitt slag i Norden, og er første trinnet i utviklinga av Lærdal Sport og helsepark.

Motellet til Lærdal Ferie og Fritidspark. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Motellet til Lærdal Ferie og Fritidspark. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2014