Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal-Fodnes

Fodnestunnelen på Lærdal-sida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fodnestunnelen på Lærdal-sida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Riksvegen Lærdal-Fodnes med den 6604 meter lange Fodnestunnelen vart opna i 1995. På Fodnes ligg ferjeleiet på ferjestrekninga Fodnes-Mannheller. Like vest for Fodnestunnelen er riksveg 5 knytt saman med riksveg 53 til Årdalstangen. Denne riksvegen vart opna frå Årdalstangen til Naddvik i 1982, og heilt fram til Fodnes i 1993.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.05.2011