Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal Frukt og potetlager P/L

På dette flyfotoet frå 1954 ser vi Lærdal Frukt og potetlager under bygging litt tl høgre for midten. Nede i høgre hjørnet ser vi bygningen til Lærdal og Borgund Produksjonslag. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

På dette flyfotoet frå 1954 ser vi Lærdal Frukt og potetlager under bygging litt tl høgre for midten. Nede i høgre hjørnet ser vi bygningen til Lærdal og Borgund Produksjonslag. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Lærdal Frukt og potetlager P/L vart bygd i 1956 på Lærdalsøyri, og var eit samvirketiltak for bønder i dalen. Verksemda pakka og sorterte frukt og omsette frukt og grønsaker engros. Seinare overtok Gartnerhallen verksemda. Fruktpakkinga vart etter ei tid lagt ned og flytta til Leikanger.

I 1970 skipa 20 bønder, i hovudsak på Ljøsne, sitt eige produksjonslag som leverte til engrosfirmaet BAMA. BAMA Produksjonslag hadde mottak og lager for frukt og grønsaker hjå Knut Raa.

I 1999 slo Gartnerhallen Produksjonslag og BAMA produksjonslag seg saman og skipa Lærdal Grønt BA. Verksemda omset poteter, grønsaker og bær for produsentane. Mest kjend er det store morell-prosjektet som starta i 1997. Lærdals-moreller av høg kvalitet vert no eksportert til fleire land i Europa.

I 2003 investerte verksemda i eit nytt sorteringsanlegg for morellar. I det same bygget på Grandane held også FK butikken Lærdal Grønt til.

Lærdal Grønt BA. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Grønt BA. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011