Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal Hotel

Lærdal Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kristian Nedberge starta i 1945 møbelbutikk i ei brakke ved kaia på Lærdalsøyri saman med kompanjongen Sjur Bøe under firmanamn Nedberge & Bøe. Etter kvart bygde han også ut kafe og pensjonat.

I samband med utbygging av NATO-kaia i 1952, fekk Nedberge fyllt ut ei stor tomt på elveøyra. I 1962 vart bygget utvida, og seinare påbygd i 1969 til pensjonat med 70 senger.

Kristian Nedberge avvikla møbelbutikken og bygde Fjordstuen Hotell i 1974. Hotellet har 190 senger og store konferansesalar. Etter konkurs i 1975 dreiv folk frå Sunnmøre hotellet eit års tid før sonen Ole Kristian Nedberge fekk det tilbake. Han har drive det sidan, no under namnet Lærdal Hotell. Lærdal Hotell held sommarope, men tek imot konferansar og andre spesielle arrangement utanom sesongen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011