Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal Installasjonsservice AS

Lærdal Installasjonsservice på Brattegjerdet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Installasjonsservice på Brattegjerdet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Installasjonsservice AS vart starta i 1981 av Svein Inge Molde og broren Jarle Molde. Verksemda har sidan 2003 vore eigd av det familieeigde holdingselskapet Molde Invest AS.

Lærdal Installasjonsservice bygde i 1985 eige forretningsbygg på Brattegjerdet og hadde i 2006 16 tilsette og ei omsetning på vel 13 millionar kroner. Firmaet starta også elektrobutikk på Lærdalsøyri i 1986, men la den ned i 2008.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011