Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal og Borgund Produksjonslag

Bygningen der Lærdal og Borgund Produksjonslag heldt til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bygningen der Lærdal og Borgund Produksjonslag heldt til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal og Borgund Produksjonslag vart starta i 1950 av dei tre samvirkelaga i Lærdal, Ljøsne og Borgund. Laget dreiv eit stort bakeri på Lærdalsøyri og var knytt til kooperasjonen i Noreg. Produksjonslaget dreiv også konditori på Lærdalsøyri, der dei også overtok og dreiv slaktarbutikken som Ola Hansson Hansen hadde starta der i mellomkrigstida.

Bakeriet vart nedlagt kring 1980, og eigedomen vart seld i 1989.

Karsten Bækken frå Gol kjøpte slaktarbutikken med pølsefabrikk midt på 1950-talet. Denne flytta han seinare til eit anna bygg – Sentrum – i Øyragata. Her dreiv Bækken også ein kafé.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011