Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal Opne Handelslag

Lærdal Opne Handelslag vart skipa i 1907, då laget kjøpte landhandelen "Hellandsbui" i Øyregata av Knut Knutson Helland. Dette var eitt av fleire samvirkelag som vart skipa på bygdene frå slutten av 1800-taklet og fram til 1. verdskrig. Tanken med laga var å skaffe medlemene billegare varer ved å kjøpe inn i stort og selje dei rimelegare enn det lokale kjøpmenn gjorde. Noko av det desse laga omsette, var landbruksmaskinar og kunstgjødsel.

Såleis hadde Lærdal Opne Handelslag som føremål ….”å syta for gode og billege Varor aat Medlemerne ved å kjøpe Varor for reide Pengar og sovidt mogeleg i stort og selja desse utatt til Medlemerne som kvar skal njota vinsten av sin eigen Handel”.

Men det gjekk med Lærdals Opne Handelslag som med mange liknande samvirkelag på den tida: Dei makta ikkje få lønsam drift, truleg fordi medlemene krita for mykje, og laget vart lagt ned.

Truleg hende dette kring 1921, for dette året vart Lærdal Samvirkelag skipa. Butikklokalet som Lærdal Opne Handelslag hadde nytta, vart overteke av Nils Andersen i 1924. Sonen hans dreiv butikk der til 1931, då han gjekk konkurs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.12.2009