Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal Samvirkelag

Coop Marked Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Marked Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Samvirkelag vart skipa på Lærdalsøyri i 1921, og var eit framhald av Lærdal Opne Handelslag som vart skipa kring 1908 då dette laget kjøpte landhandelen "Hellandsbui" i Øyregata av Knut Knutson Helland. I 1934 kjøpte samvirkelaget huset til Ørens Meieri kjøpt av eit eigedomsselskap som kalla seg "Huslaget Samhald", og her leigde samvirkelaget seg inn. Dei heldt til i "gamlemeieriet" fram til laget vart slege saman med Sogn Samvirkelag. Då vart det bygt ny stor forretning i sentrum av Lærdalsøyri.

Sogn Samvirkelag gjekk i 2000 inn i Coop Mega Indre Vestland. Coop Mega Indre Vestland fekk straks økonomiske problem og vart delt i 2004: Forretningane i Sogn og Fjordane, med unnatak av Flåm, vart lagde under Coop Sogn og Fjordane, medan dei øvrige fem gjekk inn i Coop Hordaland.

– Les meir om Coop Mega Indre Vestland under Sogndal kommune, og om Coop Sogn og Fjordane under Førde kommune i artikkelen: Førde Samyrkelag. Butikken på Lærdalsøyri har i dag namnet Coop Marked Lærdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011