Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal sjukehus

Lærdal sjukehus i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal sjukehus i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Medan fylkespolitikarane i mellomkrigstida førde endelause diskusjonar om struktur og lokalisering av sjukehus, så løyste både Nordfjord, Høyanger og Lærdal floken kvar for seg - men på ulike måtar:

I Nordfjord vart Nordfjord sjukehus reist med pengar frå den styrtrike amerikanaren William Singer i Olden. I Høyanger bygde Norsk Aluminums Company (NACO) og kommunen NACO-sjukehuset og forsvarte utbygginga med at det i konsesjonsvilkåra for verket var kravd sjukehus i bygda.

I Lærdal vart den lokale helseheimen omskapt til eit moderne lokalsjukehus takka vere den innsatsen distriktslege Rolf Ingemann Christophersen gjorde. Det var berre i Florø at fylket stilte seg i spissen for bygging av eit nytt sjukehus til erstatning for det Røde Kors-sjukehuset som byen alt hadde.

Ein idealistisk lege

Overlege Rolf Christophersen står på sokkel framfor Lærdal Sjukehus fordi han vart den store pionéren i helsetenesta i Indre Sogn. Christophersen kom som distriktslege til Lærdal i 1922, og fekk då ansvaret for kommunane Lærdal, Borgund og Årdal. På denne tida dreiv A/S Tyinfaldene med store kraftutbyggingar i fjellheimen kring Årdal. Det var ei dagsreise å kome fram til sjuke i anleggsleirane i Årdalsfjella, og næraste sjukehus var i Bergen. Mange døydde på veg dit.

Lærdal sjukehus slik det såg ut i 1930, det året sjukehusdrifta kom i gang. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Lærdal sjukehus slik det såg ut i 1930, det året sjukehusdrifta kom i gang. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Samla inn pengar

Christophersen såg kor fortvila situasjonen var, og starta innsamling til bygging av sjukehus. Han fekk inn 85.000 kroner frå private og offentlege institusjonar, og i 1930 kunne det nye sjukehuset opnast. Sjølv hadde Christophersen teke tilleggsutdanning slik at han var budd på oppgåva som overlege. Lærdal sjukehus fekk frå starten 18 senger for tuberkuløse og 20 senger på kirurgisk avdeling.

Rolf Christophersen var ei eldsjel og hadde det meste av æra for at det vart sjukehus i Lærdal. For det er han heidra med ei byste utanfor sjukehuset. Minnesmerket vart gitt av Årdal og Lærdal kommunar og Indre Sogn Sparebank. Det var ordførar Anders Lunden som avduka bysta tidleg på 1970-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Rolf Christophersen var ei eldsjel og hadde det meste av æra for at det vart sjukehus i Lærdal. For det er han heidra med ei byste utanfor sjukehuset. Minnesmerket vart gitt av Årdal og Lærdal kommunar og Indre Sogn Sparebank. Det var ordførar Anders Lunden som avduka bysta tidleg på 1970-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Framlegg om nedlegging

På 1960- og 1970-talet vart Sogn og Fjordane kasta ut i ein bitter sjukehusstrid der også framtida til Lærdal Sjukehus stod på spel. Eit utval la i 1965 fram ei tilråding om at det skulle byggjast nytt sjukehus for Sogn i Sogndal, og at Lærdal sjukehus skulle leggjast ned. Seinare kom framlegget om at det berre skulle byggjast eitt stort sentralsjukehus i Førde, noko som utløyste den harde sjukehusstriden i fylket. (sjå: Sjukehusstriden 1967–1972.)

I 1984 vedtok fylkestinget å bygge ut og modernisere sjukehuset i Lærdal. Utbygginga var ferdig i 1987, og kronprinsparet Harald og Sonja opna nybygget.

I 1965 fekk Hjelpepleiarskulen i Lærdal tilhald på sjukehuset.

Tom seng på fødestova. Foto: Noralv Pedersen, NRK.

Tom seng på fødestova. Foto: Noralv Pedersen, NRK.

Fånyttes kamp for fødetilbodet

Etter omorganiseringa til Helse Vest og Helse Førde i 2002 har det m.a. vore fleire lokale folkeaksjonar i indre Sogn for å verne om tilbodet til fødande ved sjukehuset i Lærdal. I 2011 vedtok regjeringa at ordninga med forsterka fødestove blir avvikla i Lærdal, og at Lærdal sjukehus må greie seg med ei jordmorstyrt fødestove. Men heller ikkje dette tilbodet fekk lang levetid. Alt i 2012 vedtok Helse Vest at fødestova skal leggjast ned og erstattast av eit poliklinisk tilbod til gravide.

På den andre sida får Lærdal behalde den ortopediske avdelinga og døgnberedskap innan røntgen og laboratorietenester. Det blir og oppretta eit lokalmedisinsk senter i Lærdal.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen møtt av demonstrantar på ei vitjing i Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen møtt av demonstrantar på ei vitjing i Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.04.2013