Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal Sparebank

Bygningen til Lærdal Sparebank før ombygginga i 1927. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistorisk arkiv.

Bygningen til Lærdal Sparebank før ombygginga i 1927. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistorisk arkiv.

Lærdals Sparebank vart skipa i 1861. Grunnfondet her, som for Nordfjord Sparebank, var inntektene frå salet av kornlageret i Lærdal. Dette var eit kriselager for såkorn som vart bygd tidleg på 1800-talet, men nedlagd i 1859. (Kornlageret er teke vare på som stabbur på garden Øvrevoll).

Gamlebanken slik huset vart sjåande ut etter ombygginga i 1927. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gamlebanken slik huset vart sjåande ut etter ombygginga i 1927. Foto: Arild Nybø, NRK.

I 1893 kjøpte sparebanken ein bygning etter handelsmannen Jens Sjursen Lærdalsøren. Bygget tente både som bankkontor og «rådhus» for Lærdal. I 1927 vart huset ombygd til det staselege bankbygget i empirestil som no står ved den gamle busshaldeplassen, teikna av arkitekt Johan Lindstrøm. Bygget vert no nytta av kulturetaten i Lærdal, og i 2006 vart det opna ei fast historieutstilling i banken som viser Lærdal som turistbygd.

I 1982 flytta sparebanken inn i noverande bankbygg. I 1972 gjekk Lærdal Sparebank inn i Indre Sogn Sparebank .

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011