Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal Sykkelklubb

Høgt nivå

I den tida Erik Aarethun var på Gjøvik deltok han også mykje i sykkelløp, m.a. i NM i lagtempo. Då han flytta heim til Lærdal i 1984, skipa han Lærdal Sykkelklubb, som tel kring 100 medlemer.

Høgt nivå

Fleire medlemer av Lærdal Sykkelklubb har hevda seg godt på nasjonalt nivå: Kristin Husdal, Brita Tønjum, Even Aarethun og Terje Hordnes på juniornivå og Dag Arne Helland som senior.

Norsk Sykkelfestival

Lærdal Sykkelklubb arrangerte NM i landevegssykling i 1992 og junior-NM i 1995. Sidan 1984 har klubben arrangert Norsk Sykkelfestival med stor deltaking, og sykkelløpet Oslo-Lærdal har gått årleg. Men i 2011 vart det slutt på festivalen på grunn av ein konflikt mellom arrangøren og Norges Cykleforbund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.01.2015