Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal Turlag

Frå gamlevegen i Seltåsen. Foto: Oddkjell Bosheim.

Frå gamlevegen i Seltåsen. Foto: Oddkjell Bosheim.

Lærdal Turlag vart skipa i 1990, og fekk eiga barnegruppe i 2000.

I samarbeid med Lærdal kommune har turlaget rydda og merka turløyper, og har sett opp eit stort tal stadnamnskilt. Frå Borgund stavkyrkje og ned til Seltun har laget gjort eit stort arbeid for å finne att, restaurere og merke den gamle ferdslevegen frå 1700-talet. Strekninga er merka med i alt 123 stadnamn og informasjonsskilt, m.a. over Seltåsen, Steineåsen og Galdane.

Dokumentert krigsminne

Laget har også gjort eit stort arbeid for å sikre, dokumentere og skilte maskingeværstillingar og andre krigsminne i Lærdal kommune. Den gamle steinbua Gjesmehytta vart sett i stand i 1996, og i 1999 fekk laget utarbeidd turkart for heile kommunen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2011