Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdal under invasjonen i april 1940

Her ved vegkrysset på Borlaug miste fire norske soldatar livet i kamp mot tyske tropper 29. april 1940. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Her ved vegkrysset på Borlaug miste fire norske soldatar livet i kamp mot tyske tropper 29. april 1940. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Under den tyske invasjonen i april 1940 vart Lærdalsøyri bomba med brannbomber av tyskarane. Bombene gjorde liten skade, men ein eldre mann døydde under evakueringa av tettstaden.

Soldatar frå Vestlandet vart sende gjennom Lærdal for å møte den tyske framrykkinga i Valdres. Av dei 46 norske soldatane som fall i Valdres var 11 frå Sogn og Fjordane. Under kampane vart Tyin Hotell nytta som feltlasarett. Ved sjukehuset i Lærdal vart 15 såra norske og 19 tyske soldatar behandla.

Fire falne i kampane i Borlaugkrysset

Ei av dei mest dramatiske hendingane i Sogn og Fjordane under invasjonen i april 1940 bar til i Borlaugkrysset i Borgund den 29. april. 150 tyske soldatar som kom over Hemsedalsfjellet gjekk til åtak på ei gruppe norske soldatar som var under røming vestover frå kampane i Valdres. Fire nordmenn fall, alle frå Austlandet: Harry Hansen frå Asker, Kristian Johansen Kullerud frå Røyken, Jens Stenberg frå Søndre Land og Kåre Vestgård frå Nord-Odal.

Tyske offiserar og soldatar ved Husum. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tyske offiserar og soldatar ved Husum. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tyskarane overtok ei rekkje hus, mellom anna vaia hakekorsflagget på dette huset i Borgund. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tyskarane overtok ei rekkje hus, mellom anna vaia hakekorsflagget på dette huset i Borgund. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Kampane i Sør-Noreg tok slutt 1. mai. Same dag kom leiaren for den tyske operasjonen i Valdres, generalmajor Engelbrecht til Lærdal. Han var sjef for 163. infanteridivisjon (seinare kjend som den divisjonen som i 1941 fritt fekk krysse Sverige på veg til nordfronten i Finland).

1000 tyskarar i Lærdal

To bataljonar vart plasserte i Indre Sogn, som fram til desember 1940 var det militære tyngdepunktet for tyskarane i Sogn og Fjordane. Seinare fekk kysten mest all merksemd. I Lærdal vart det plassert ut over 1000 soldatar i brakker på ekserserplassen på Øyramarki, på Tønjum, og i bustadhus oppover heile dalen. Maristuen Hotell vart ei tid rekvirert av Gestapo.

Underminert riksveg

Vegen gjennom Lærdal hadde stor strategisk betydning, og vart underminert fleire stader av tyskarane. På strekninga Seltun - Husum vart det bygd fleire miltraljøsereir og bombekastarstillingar som ein framleis ser i terrenget, og i Erdal og kring hamna på Lærdalsøyri vart det bygd forsvarsverk for å møte ein eventuell alliert landgang.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2015